Tilbake
Hanna Fauske
Iver Gjendem

Danseverkstaden - Spring! (Hildur Dansekompani)

Bestillingstilbud

Har du prøvd pannekakesnu? Eller å slå deg på kneet i takt med musikken? I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne dei eldre tradisjonane. Danseverkstaden - Spring! ynskjer å gi ei felles oppleving av levande musikk og dans med forankring i Midt -og Nord-Norge. Publikum får oppleve ei interaktiv forestilling basert på springarformar, og sjølv smake på både halling og nordlandspols. Danseverkstaden – Spring! gir ei reise gjennom tradisjonsdansen kor ein etter fullført reise sit igjen med ein dans i eigen kropp. Verkstaden er dynamisk og fleksibel, og kan tilpasses barn, ungdom og vaksne i ulike målgruppe.

Lærerveiledning

Den fyrste delen er eit kvarters lang interaktiv danseforestilling kor ulikt tradisjonelt dansematerialet presenterast, og får oppleves på ulike måtar i rommet. Elevane guides av dansarane og musikken rundt i rommet og får oppleve eit nært, rytmisk og menneskeleg landskap. Dansetradisjonen fungerar her i sin naturlige, inkluderande form kor ein vekslar på å sjå og å danse gjennom herming og leiing. Forestillinga glir sømlaust over i kurs.

​​​​​​​Gjennom to halvtimes økter får elevane lære to dansar av det eldre dansemateriale: halling og springar/pols. Desse to dansane utfyller kvarandre: den eine totakt, den andre tretakt, den eine solo, den andre pardans, den eine representerer heile landet, den andre er heilt lokal. Imellom dei to danseøktane er det eit pusterom med fysisk kvile. Pusterommet samlar elevane i et musikalsk lytteinnslag, samt kort teoretisk og visuell kunnskap om fele, hardingfele eller torader.

Læreplanens overordnede del:

  • Punkt 1.2 Identitet og kulturelt mangfold
  • Punkt 1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang

Kjerneelementer hentet fra læreplaner i kroppsøving og historie

  • Bevegelse og kroppslig læring
  • Deltakelse og samspill i bevegelsesaktiviteter
  • Mennesker og samfunn i fortid, nåtid og framtid
  • Historiebevissthet

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Troms fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Hildur Dansekompani

Om kunstner / utøver / gruppe

Anna Gjendem:

Anna er en ung, moderne danser fra Molde med solid festet i tradisjon. Utdannet Utøvende folkedanser fra Universitetet i Trondheim med en mastergrad i Tradisjonskunst fra Høgskolen i Telemark. I tillegg til sin stilling som daglig leder ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, arbeider hun fulltid som utøvende tradisjonsdanser. Hun bruker tradisjonsdansene og musikken i scenisk arbeid, og underviser for alt fra barnehager til eldre mennesker.

Torill Steinjord

Torill Steinjord kjem frå Grytøy i Sør-Troms og har røtene og hjartet i den nordnorske tradisjonsdansen. Gjennom bachelorutdanninga i utøvande tradisjonsdans utforska ho det særeigne og leikne uttrykket i folkedansen og formidler det både på scena og i undervisning. Steinjord jobber for tida danseprosjektet "Arktisk takt" - Bygda dansar i Troms med å lære ungdom dansetradisjonen i fylket sitt, i tillegg driv ho som frilans dansar og pedagog.

 

Jo Einar Sterten Jansen:

Jo Einar er fele-, hardingfelespelar og songar bosatt i Målselv. Han har nordisk master i folkemusikk og ein kreativ, kraftfull og dynamisk spelestil. Med rot i folkemusikken frå heimfylket Trøndelag spelar Jo Einar tradisjonsmusikk ifrå heile Norden. Han er med i grupper som Duo Jansen/Jüssi og Rim, og er i tillegg ein glimrande soloutøvar, men ekstravagante kvalitetar som dansespelemann.

Publikumskommentarer