Tilbake
foto Gyldendal
Gyldendal

Engel i snøen

BESTILLNGSTILBUD

Det er vinter og snø, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystallane. Nokon vil ikkje at pappa skal vita at ein har det vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk. Veldig sjuk. Nokon har snart bursdag. Nokon skal snart døy.

I denne framsyninga har forfattar Anders Totland skrive musikk til den prisvinnande ungdomsboka Engel i snøen (2016). Forfattaren framfører sjølv heile boka frå start til slutt, medan han speler piano.

Arnfinn Kolerud og Tamara Sortland ved Vagsøy Folkebibliotek: «Vi vil absolutt tilrå eit besøk av Anders Totland. Han engasjerte to 7. klasser med opplesing, pianospel, nyttige skrivetips og artige historier (sanne eller halvsanne). Totland
er ein god entertainar, så timen fauk avgarde. Eit godt døme på at ungdomen er opne for anna litteratur enn den som ligg på sals- og utlånstoppen, berre dei får sjansen til å møte han.»

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Troms fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Anders Totland

Om kunstner / utøver / gruppe

Utdanna kokk og samfunnsvitar. Sidan hausten 2015 har han gjeve ut ei barnebok, ei kokebok, ei sakprosabok for ungdom og tre ungdomsromanar. Han er i dag forfattar på fulltid, og det er venta fleire nye bøker frå Totland til hausten. For ungdomsromanen Engel i snøen vann han nynorsk barnelitteraturpris for 2016.  

Publikumskommentarer

Forfatter med humor og glimt i øyet. Hadde en artig introduksjon før han begynte med fortelling av boka. Meget god formidlingsevne, og bruk av musikk gjorde fortellingen mer levende. Overgang fra introduksjon til fortelling av bok kunne gjerne vært mer tydelig. Noen skjønte ikke at han var begynt med boka før han nevnte personer i boka. Vanskelig for noen å forstå, kanskje burde den ha vært presentert for elever i 9. eller 10. klasse. Ei trist, men meget god historie som rørte publikum. Publisert av: anonym (klasse - Kila skole) – 15.3.2019 8:45